Velg en side

Brevstemming er for deg som ikkje oppheld deg i Ålesund kommune i perioden for førehandsstemming, eller på dagen for folkerøystinga. Du kan brevstemme frå 18. februar, og valsekretariatet i Ålesund kommune må ha mottatt brevet seinast 4. mars kl. 15.00.

Kommunen opnar opp for at ein kan levere brevstemme før 18. februar, dersom ein er på reise i valperioden!

Du kan møte opp på innbyggartorget i Brattvåg og be om å få levere brevstemma di, eller få hjelp til å avgi brevstemme. For at ei slik brevstemme skal kunne bli godkjent må det skrivast ei grunngjeving på konvolutten og veljar må legitimere seg.  

Brevstemming er for deg som ikkje oppheld deg i Ålesund kommune i perioden for førehandsstemming, eller på dagen for folkerøystinga. Du kan brevstemme frå 18. februar, og valsekretariatet i Ålesund kommune må ha mottatt brevet seinast 4. mars kl. 15.00.

Stemmeretten gjeld berre dei som er folkeregistrert i tidlegare Haram kommune.

I saka frå valstyret 18.01.22 står følgande om brevstemmer:

«Personar manntalsført i tidlegare Haram kommune som oppheld seg i andre kommunar eller i utlandet, og dermed ikkje får høve til å førehandsstemme eller stemme i kommunen ved folkeavstemminga, kan stemme ved brevstemme. Det vert opna for at brevstemming kan skje allereie frå 18.02. For at stemmegivinga skal bli godkjent må den vere sendt i tidsrommet frå 18. februar, og bli mottatt av valstyret seinast kl. 15.00 fredag 4. mars 2022.»

Om det skulle vere noko tvil kring brevstemmer, vil det vere valstyret som må avgjere kvar enkelt av desse i møtet 4. mars.

Slik gjer du: 

  • Du må ha 1 blankt ark, 3 konvoluttar (helst av ulike størrelse) 
  • Konvoluttane skal brukast som:  
  1. Stemmesetelkonvolutt 
  2. Omslagskonvolutt 
  3. Forsendingskonvolutt 
     
  • På arket skal det stå kva val det gjeld, og kva av desse tre alternativa du støttar:  – Eg ønsker at tidlegare Haram kommune skal fortsette å vere ein del av Ålesund kommune 
    – Eg ønsker at tidlegare Haram kommune skal bli utskilt som eigen kommune 
    – Blankt 
  • Arket er no å rekne som ein stemmesetel. Brett arket med teksten inn og legg det i konvolutt nummer 1. Lim igjen. 
  • Legg konvolutt 1 i konvolutt 2. Lim igjen konvolutt 2. 
  • Utanpå konvolutt 2 skriv du:   – Ditt fulle namn i BLOKKBOKSTAVAR (har du nyleg bytta namn, skriv begge)  – Fødselsnummer (11 siffer)  – Di folkeregistrerte adresse i Ålesund kommune  – Stad og dato  – Din signatur 
  • Putt alt i konvolutt 3. 
  • Utanpå konvolutt 3 skriv du:   Ålesund Valstyre – Folkerøysting  C/O Ålesund kommune   Postboks 1521   6025 Ålesund 
  • Lim igjen konvolutt 3 
  • Send til kommunen slik at vi mottar brevstemma di seinast 4. mars kl. 15.