Velg en side

Organisasjonen «Haram ut av Ålesund» sende dette opne brevet til alle folkevalte og den administrative leiinga i Ålesund kommune. Vi har bedd om det kjem med som saksvedlegg til sak 25/22 i kommunestyret den torsdag 17. mars.

Det blir fort et spørsmål om hvem en skal lytte til

Det seier kommunedirektøren til avisa Nordre fredag 11.03.22. Ja, kjære kommunestyre – det er det det handlar om i sak 25/22 som skal behandlast i kommunestyret 17.03. Saka om utskiljing av Haram som eigen kommune handlar om noko så grunnleggande som korleis vi skal rigge lokaldemokratiet vårt. Det handlar ikkje om ei skulenedlegging eller ein aksjon for å oppretthalde ei teneste eller to.

Vi minner om at heile saka frå første stund har handla om heile Haram sett i lys av tvangsvedtaket gjort av Stortinget, og som ein no ønsker reversert. Det er det som er utgreidd, og som folk har gått til valurnene på. Høg deltaking vitnar om tiltru til prosessen og at deira stemme vert høyrd. Vi aksepterer ikkje den lemfeldige omgangen med resultatet frå folkerøystinga som kommunedirektøren legg til grunn i si innstilling. Er dette eit forsøk på å manipulere resultatet og verknaden av det, når han tolkar resultatet og legg vekt på berre delar av stemmegivinga? Det var kommunestyret som la føringar for korleis folket skulle høyrast både i Haram og resten av kommunen, og det var politikarane som bestemte gjennomføringa av prosessen. No må kommunestyret stå opp for folket. Og vi forutset at kommunestyret legg dette til grunn i behandling av saka vidare, og ikkje endrar spelereglane undervegs slik vi ser kommunedirektøren opnar for.

Vi stiller også spørsmål ved den delen av saksutgreiinga som gjeld det økonomiske aspektet ved dekning av kostnadar frå staten ved ei oppløysing. Er dette også eit forsøk på manipulering når kommunedirektøren reiser tvil ved både finansministeren sine lovnader, kommunaldepartementet sitt brev til kommunen 11.02.22 og sjølve regjeringsplattforma denne saka byggjer på?

Vi minner om eit opprop frå folket i krinsane Vatne/Tennfjord og Søvik/Grytastranda som kommunedirektøren ser vekk frå. Her er i skrivande stund meir enn 850 underskrifter som vil behalde Haram kommune samla dersom det blir skilsmisse. Dette underbygger at det er heile Haram det handlar om no. Vi kan ikkje akseptere at eit innbyggjarinitiativ i siste liten skal verte tatt til følgje og leggjast til grunn for ei avgjerd utan konsekvensutgreiing og høyring no, slik kommunedirektøren foreslår i saksutgreiinga. Initiativet HUAÅ – heile Haram samla-  har vore ope sidan mai i fjor. Dei som ønskjer å få prøvd ei deling av Haram burde ha kome på bana for lenge sidan, viss dei meinte alvor med dette. No er det for seint i denne omgang. Kommunestyret må stille same krav til behandling av dette initiativet som til HUAÅ sitt initiativ. Vi ber kommunestyret sjå vekk frå alternativet om deling av Haram slik det er lagt fram, utan å bygge på eit kunnskapsgrunnlag og utan ei høyring i heile Haram.

Vi reagerer sterkt på saksutgreiinga som ikkje omtalar kva som vert konsekvensen av ein situasjon der innbyggjarane ikkje vert høyrde, men framleis vert sett i ein tvangssituasjon. Kva vil dette gjere med tilliten til både administrasjon og politikarar i framtida, og kva vil det  gjere med folket si haldning til demokratiske prosessar og engasjement i lokalsamfunnet, og ved komande val. Ålesund kommune profilerer seg høgt på medborgarskap. I følgje FN har medborgarskap to dimensjonar:  1) inkludering og like rettar for alle borgarar, og 2) borgarane si aktive deltaking i samfunnet. Kva ligg i dette om ikkje det skal gjelde denne saka? Om ein ikkje denne gongen heller høyrer på folket, er det ein enda meir alvorleg situasjon når 2/3 av innbyggjarane har sagt sitt, og det er våre eigne lokale politikarar som eventuelt overkøyrer oss. Og korleis skal ein forsvare det møtet 16 og 17- åringar i dette tilfellet får med å delta i demokratiske prosessar og val?

Vi er også uroa over tilliten til Ålesund kommune i framtida som «spydspiss» i utvikling av det regionale samfunnet dersom det heftar nok ved kommunen sitt demokratiske sinnelag. Dette handlar også om omdømme, evne til å lytte, ta inn over seg og forstå dei andre sitt perspektiv.

Ålesund kommunestyre har på ingen måte problematisert sin eigen status som folkevald i prosessen så langt. Kva skal leggast vekt på og kven skal ein høyre på, står framleis ope og ubesvart for fleire av kommunestyrerepresentantane som har uttalt seg, etter at resultatet fra folkerøystinga vart kjent.  Fleire har tydeleg signalisert at dei vil vektlegge kommunedirektøren si innstilling i stor grad i eit spørsmål om framtida for lokaldemokratiet, og dermed underkjenne verdien av folkerøystinga de sjølve har bedt om og fått eit tydeleg svar på. Dersom det ikkje vert lagt hovudvekt på folkemeininga og «brølet frå Haramsborgarane» når vedtaket skal fattast i denne saka, sit vi att med inntrykket av at – det er ikkje politikarane det er noko feil med, det må ligge hos folket i Haram. Då får ein berre seie som diktaren og visesongaren Wolf Biermann ein gong anbefalte leiinga i folkerepublikken DDR: Det er kanskje på å tide å velge seg eit nytt folk? Tenk gjennom dette før de tek avgjerd i saka.

11.03.2022

«Haram ut av Ålesund»

Harald Nordang
Styreleiar