Velg en side

Folkeaksjonen «Haram ut av Ålesund» får full støtte frå senterpartipolitikar Lisa Alvestad. Ho meiner det er nettopp ei slik folkeavrøysting som skal til dersom ein ønsker å lausrive tidlegare Haram frå Ålesund, seier ho til lokalavisa Nordre.

– Det er kjempebra at lokale folk tek initiativ til ein slik aksjon. Det er det som må til, at folk seier frå og at ein jobbar aktivt for å få det til. Då treng ein også å vere organisert, seier Lisa Alvestad (Sp) frå Lepsøya. Ho har ved fleire høve tidlegare tatt til orde for ei reversering av tvangssamanslåinga av Haramkommune.

Første helga i juni deltek ho også på Senterpartiet sitt landsmøte der ho har bedt om å få ha eit innlegg om tvangsinnlemminga av tidlegare Haram og ei eventuell lausriving dersom folket ønsker det gjennom folkeavrøysting.

Bestemme sjølv

Det har heile tida har vore i programmet til Senterpartiet at folket sjølv skal få bestemme når det gjeld kommunereform.

– Kva folk personleg i Senterpartiet meiner om dei vil ha oppløysing eller ikkje, er ikkje så relevant. Her er poenget at folket må få bestemme. Så viss vi har ei fokeavrøysting og fleirtalet av folket i gamle Haram vil halde fram i den nye kommunen, så er det det vi må gjere då, seier Alvestad.

Ho trur ikkje tvangen Haram vart utsett for, med berre nokre få røyster i overvekt i Stortinget, blir bra igjen på sikt utan at ein gjer noko med det.

– Det er på tide at ein verkeleg får høyre kva folk meiner  no i ettertid også, seier ho.

Les mer: Slik støtter du folkeaksjonen Haram ut av Ålesund

Absolutt muleg

Alvestad meiner det absolutt er  reelt å få til ei lausriving for tidlegare Haram.

– Det er så enkelt som at viss ein har eit raudgrønt fleirtal i Stortinget så  er det muleg å få til, seier ho. Og etter målingar å døme, ser det ut til at det både blir eit sterkt Senteparti og regjeringsskifte.

– Så då blir det opp til veljarane i Haram å finne ut kva som er den viktigaste saka for dei i dette valet. Det er kanskje mange som stemmer på andre parti til  vanleg, men som kanskje synest dette er ei så viktig sak at ein vil stemme annleis enn ein gjer til vanleg.  Dette er ei sak ein må prøve å stå litt samla rundt for dei som ønske rei opplysing, avsluttar Alvestad.