Vi har forsøkt å summere opp erfaringane etter tvangssammenslåinga med Ålesund i tre punkt.
- Ingen truverdige og kunnskapsbaserte argument for ei sviande tvangssamanslåing.
Tvangsekteskap er eit dårleg utgangspunkt for eit godt samliv. Argumentet om å bli inneklemt er uforståeleg og manglar legitimitet. Ingen forstår at Haram sine nesten 9500 innbyggjarar måtte ofrast til fordel for lille Sandøy sine 1200 innbyggjarar (som er på storleik med ein av tettstadane i Haram), som ville til Ålesund. Dermed er frustrasjonen stor, og veldig synleg blant innbyggjarane når politiske vedtak med konsekvens for tidlegare haramsborgarar er oppe til behandling (eigedomsskatt, endringar i avgiftsnivå og gebyr osv.). Dette blir bekrefta av den pågåande underskriftskampanjen der meir enn 4500 av 6400 stemmeføre i gamle Haram har signert. Haram var ein stor og viktig industrikommune og ein middels stor kommune befolkningsmessig i nasjonal samanheng. Ein velfungerande kommune med godt renomme som utviklingsorientert og framoverlent innan både teneste- og samfunnsutvikling. Haram var for eksempel på Arendalskonferansen for to år sidan for å dele sine erfaringar som beste vertskapskommune i landet for næringslivet. Kommunen fikk første nasjonale pris som beste vertskapskommune for næringslivet i 2019, «sitt siste leveår». Denne kulturen blir ikkje verdsatt i den nye kommunen. («Vi er lei av å høre om Haram»).
- Generelt dårlegare og dyrare tenester.
Haram kom seint inn i prosessen fordi tvang kom i siste fase. Dermed var mulegheita for påverknad svært avgrensa. Haram måtte tiltre intensjonsavtalen mellom Ålesund og dei tre andre småkommunane som var nær sluttført. Premissane lagt der, passa i mindre grad for Haram som den einaste mellomstore kommunen.
Den nye kommunen sine økonomiske utfordringar rammar Haram hardt. Dette fordi dei andre kommunane, og særleg gamle Ålesund, drog med eit formidabelt underskot inn i den nye kommunen samtidig som Haram bidrog med overskot. Resultatet er nedskjeringar på nesten alle tenesterområde som rammar Haram ufortent. Erfaring så langt viser at der Haram var tidleg ute og innovative i sin måte å løyse oppgåver på ikkje blir vidareført eller verdsatt sjølv om det var ein føresetnad i intensjonsavtalen. Det beste frå Haram er ikkje blitt tatt med vidare. Den største kommunen (Ålesund) sin måte å gjere det på legg premissane for tenestene, også der det er dyrare og dårlegare. Dermed forsvinn det meste av det som fungerte godt lokalt. Truslar om nedskalering av tenestetilbod heng over oss.
Stort etterslep i investeringar og vedlikehald særleg i gamle Ålesund (Robek) har ført til utsetjing av vedtatte bygge- og utviklingsprosjekt. Risiko for at Haram sine opphavlege prioriteringar blir borte i framtidige budsjett er reelt stor. Haram hadde tradisjon for å ha god kontroll på byggeprosjekt.
Vår erfaring er at utviklinga av tenestene for brukarar og innbyggjarar stoppar merkbart opp og byråkratiet aukar. Kvaliteten er allereie merkbart dårlegare. Haram sin handlemåte med tett samarbeid mellom kommune, næringsliv, frivilleg sektor og andre samarbeidande instansar mistar verdi. Haram var kjent for løysingsorientert og forpliktande samarbeid gjennom partnarskap med frivilleg sektor og næringslivet til fordel for alle partar, og å vere leiande innan tidleg innsats for barn og unge, integrering, skuleutvikling, testing av velferdsteknologi, effektiv saksbehandling osv.
- Ei regional utviklingsstemme er blitt borte.
Samfunnsutvikling i samspel mellom by og land døyr hen, og Haram er i ferd å bli ein utkant i den nye kommunen. Stemma fra ordføreren høyrest ikkje meir.
Kommunen består ikkje berre av offentlege tenester, men er også samlebegrep for eit langt meir omfattande samfunn som skal fungere i lokal, regional og nasjonal samanheng.
Bykommunen Ålesund og industrikommunen Haram har hatt ulik tilnærming til samfunnsutfordringane. Haram var ein pådrivar for regional utvikling og samspel mellom by og land i mange år før samanslåinga, fordi ein såg at det var komplementære samfunn som var gjensidig avhengig av kvarandre. No har ikkje lenger Haram ei eiga stemme og påverknadskraft, og perspektivet frå byen dominerar. Det er det verste som kan skje fordi det rammar både by og rand på både kort og lang sikt. Dette bekymrer veldig, særleg fordi næringslivs- og verdiskapingsforståinga har vore langt meir framtredande i Haram enn i den nye kommunen. Det gjenspeglar seg både i den politiske debatten og i den politiske og administrative kulturen.
Haram har hatt ein kultur for samspel både lokalt og regionalt som har drive samfunnet framover. Dette at innbyggjarar og kapitaleigarar har hatt tru på, og investert i eige lokalsamfunn og i regionen, er uttrykk for dette. Begrepet «patriotkapital» blei skapt i Haram for mange år sidan, og har blitt rekna som eit heidersbegrep, og bidratt til stor utvikling av samfunnet.