Velg en side

«Haram ut av Ålesund» er namnet på den nystarta folkeaksjonen som vil reversere tvangssamanslåinga med Ålesund.

I løpet av dei siste vekene har «Haram ut av Ålesund» blitt etablert som organisasjon og registrert i Brønnøysundregistra.

Bak etableringa står fleire personar som ser kor uheldig tvangssamanslåinga med Stor-Ålesund har slått ut for innbyggarane i Haram frå dag ein.

–  Vi krev å få tilbake sjølvstyret og suvereniteten Haram hadde som eiga, veldriven kommune fram til 1. januar 2020. Vi ønskjer ikkje å bli slukt på denne måten. Derfor vil vi aktivt jobbe for ei reversering fram mot stortingsvalget 2021, seier styreleiar Harald Nordang i «Haram ut av Ålesund».

Fullt mogleg

Organisasjonen vil arbeide for å få til ei folkerøysting om reversering i gamle Haram. Vi vil legge ut lister på butikkar og andre stadar, samt også fleire digitale løysingar for å få nok underskrifter til å kunne krevje dette.

Organisasjonen ser det som absolutt mogleg å få til ei reversering dersom det blir regjeringsskifte ved stortingsvalet til hausten. Ifølgje siste partibarometer er det alt som tyder på at valet vil gi ei raudgrøn regjering.

I det raudgrøne alternativet er det pr dato Senterpartiet som har signalisert klarast at dei vil at kommunar og fylke som er samanslegne med tvang skal kunne reversere dette etter valet. Føresetnaden er at det blir ei folkerøysting for det i den kommunen som er tvangssamanslått og som ønsker lausriving. Det er dette «Haram ut av Ålesund» no startar ein underskriftskampanje og aksjon for å få til.

Då det var folkeavrøysting i samband med reformprosessen i 2016, var det berre 19,1 prosent av folket i Haram som sa ja til Stor-Ålesund. Det er ingen grunn til å tru at dette talet har blitt høgare no etter at ein ser kor «riv ruskande» gale det har gått.

Det er også heva over ein kvar tvil at det var ein heller «tildekt» prosess som pågjekk og som førte Haram inn i storkoalisjonen Ålesund.

Overgrep

Organisasjonen ser på tvangssamanslåinga av Haram som eit stort overgrep.

– Etter samanslåinga opplever vi på kort tid at haramssamfunnet er sett mange år tilbake. I ein kommune som er tufta på gründerskap og framgang er det no stagnasjon, seier Nordang. Her peiker han på bygginga av skulen på Eidet som er utsett, og som for lengst hadde vore i gong om Haram framleis var eiga kommune. Det same hadde ombygginga og renoveringa av Haramsøy skule vore, bygging av gang og sykkelvegar i Uggedalen og ved Haram vidaregåande skule, samt svømmeanlegg i Brattvåg, seier han. I tillegg kjem det no framlegg om nedlegging av vaksenopplæringa i Haram. Siste tida har det også vore nemnt å sentralisere innbyggartorga for å spare pengar på drifta i Ålesund. Kva vert då igjen??

– I staden for å vidareutvikle vår kommunedel, er vi no bidragsytarar i ein ny kommune der kommunedelen med størst folketal har store etterslep fordi dei har vore på ROBEK-lista i fleire år. Er det rett at vi skal sette utviklinga av vår kommunedel på vent og gradvis utarmast for at det skal vere vekst i Ålesund by?  Vi  har vore vant med ein veldriven kommune med gode, smidige og nære funksjonar, medan driftsmåten i den nye kommunen er tung og lite effektiv. Vi synest det slett ikkje er rart at det både blir dyre tenester og meirforbruk når ein har vidareført den tungrodde driftsmåten som har vore praktisert i gamle Ålesund.

Folkeaksjonen opplever at svært mange, både kommunetilsette og vanlege borgarar, kjenner seg både demotiverte og lite verd etter samanslåinga.

Med dette som utgangspunkt er det vanskeleg å kunne bygge eit godt samfunn og ei god kommune for innbyggarane.

Sunn økonomi

Haram kommune hadde opparbeidd seg ei god drift og hadde ein sunn økonomi. Saman med Sandøy var Haram den einaste kommunen som gjekk inn i alliansen med « pengar på bok». Haram hadde også overskot på 30,4 mill. kr i sitt siste  driftsår

Då Haram kommune «trakk sitt siste sukk» 31.12.2019, utgjorde finansformua om lag 265 millionar kroner. Dette investeringsfondet hadde veldig mykje å seie for Haram, og gav i snitt rundt 9 prosent, tilsvarande 20–25 millionar kroner, i avkastning per år over ein periode på 20 år. Denne avkastinga gav politikarane handlingsrom til å tilby tenester på eit nivå langt over det finansieringa frå staten tilsa ein skulle drive for. Politisk vart denne avkastinga nytta og omtalt som erstatning for  «eigedomsskatten» til Haram, og var ein av grunnane til at det aldri vart innført eigedomsskatt i tidlegare Haram.

Haram har mange små og store industribedrifter som i årevis har vore med å skape velferd og tryggleik rundt omkring i bygdene. Gamle Haram var før samanslåinga ei av Norges største industrikommunar, særleg innan maritim industri, sett i forhold til folketalet. I tillegg ei kommune med betydeleg fiskerinæring både på sjø og land. Likeeins ei stor jordbrukskommune. Dette er viktig å merke seg. Kommunen var og i stor grad ein føregangskommune når det kom til utvikling, innovasjon og samarbeid med næringslivet generelt.

– No har vi fått både eigedomsskatt og betydeleg dyrare avgifter. I tillegg har Haram kommune sitt fond gått med til å dekke opp underskotet som er opparbeidd i dei andre samanslåingskommunane.

Omstillingar og nedskjeringar

Så å seie frå første dag i den nye kommunen vart det tydeleg at kommunen nærma seg ein økonomisk avgrunn. Det er alt gjort store omstillingar med det Nordang vil karakterisere som uforsvarlege nedskjeringar i skulesektoren. 

– Det som var ein veldriven og god skule i Haram kommune, har no kome ned på eit minimumsnivå. Dette rammar i størst grad dei «svakaste» elevane som treng ekstra oppfølging, seier Nordang, og meiner det er både er uansvarleg og uakseptabelt.

Helse og omsorg kjempar med eit enormt meirforbruk, og det er skissert fleire nedleggingar både av omsorgsplassar og anna.

– Kvar vart det av den robuste, nye storkommunen? Innbyggarane i tidlegare Haram kommune har fått eigedomsskatt, kraftig auke i avløpsgebyr, lang avstand mellom folk og administrasjon og meir byråkrati for entreprenørar. Fare for igjen å hamne på ROBEK-lista er overhengande stor. Dette var ei liste som Haram Kommune var langt unna.

Gagnar ikkje innbyggarane

Vi kan ikkje sjå at tvangssamanslåinga med Ålesund vil gagne innbyggarane i gamle Haram kommune korkje på kort sikt eller i overskueleg framtid.

Den flotte intensjonsavtalen er alt sett i spel ved fleire tilfelle, og framstår ikkje som grunnmuren i den nye storkommunen.

Nordang og resten av styret for «Haram ut av Ålesund» finn inga rettferd i at ei veldriven og godt fungerande kommune som Haram var, sakte men sikkert blir vekkradert, og den eine tenesta etter den andre som er viktig for lokalsamfunnet forsvinn til Ålesund by.

– Folkeaksjonen kan ikkje med sin beste vilje sjå ein einaste ting som har blitt betre for Haram i den nye kommunen. Tvert imot  har ein fått dårlegare  tenester og ei sterkt pågåande sniksentralisering.

Stor nok

Folkeaksjonen er overtydd om at Haram absolutt er stor nok til stå på eigne bein. Det er mange kommunar som er mindre enn Haram som gjer det bra. Det viser at tanken om at dess større ein kommune er, dess betre og meir robust vert den, ikkje stemmer. Tvert imot  viser det seg at Ålesund kommune har blitt for stor og uoversiktleg. Med 66.000 innbyggarar, fordelt på eit geografisk område som spenner frå Ona til Ålesund by, seier det seg sjølv at det skal noko til å ha oversikta.

– I Haram hadde vi stort sett eitt ledd til sakshandsamar, no har vi minst tre. For ikkje å snakke om visst du skal spørje om ein ting, då er det ganske ofte ingen som veit kven som kan seie noko om saka, og ein blir sett over til fleire sakshandsamarar før nokon kan svare. Visst ein er så heldig å få svar då, seier Nordang.

Folkeaksjonen avsluttar med ei sterk oppmoding til alle som no ser kor mykje betre vi hadde det i Haram og som ikkje finn seg i den urettvise måten kommunen har blitt behandla på, til å skrive seg på listene som no vert lagt ut på butikkar rundt omkring og på digitale plattformer.

Donasjonar

Doner gjerne også pengar til aksjonen, konto nr. 3905 12 49600 eller vipps nr. 691986, for på den måten å støtte den viktige reverseringsprosessen som no vert igangsett. Kvar krone som kjem inn går uavkorta til saka.

For digital påmelding til aksjonen, ytterlegare kommentarar eller informasjon:

Post@haramutavalesund.no , www.haramutavalesund.no , facebook-sida «Haram ut av Ålesund» org. Nr. 927 100 606

Styret for «Haram ut av Ålesund»